Organic Soup Company intro 2017

Dumpster Divas og Organic Soup Company

VELKOMEN TIL ORGANIC SOUP COMPANY

Kjokkenet

OSC KJØKKENET:
Me lagar suppa på vårt nye kjøkken som ligg på låven på Finnegarden. I riktig sesong hentar me råvarene til suppene i åkeren rett utanfor kjøkenvindauget.

Sjå meir av kjøkkenet vårt HER!

REV-supper-svart

SUPPENE:
Økologiske supper laga med kjærleik på Voss. OSC leverer ferske økologiske supper til kafear, bedriftslunsjar, festivalar og andre arrangement.

Me leverer gjerne suppe til ditt arrangement, ring oss på tlf: 99 55 76 87

Økologisk

Økologisk

Produkta Organic Soup Company leverer er Debio godkjent. Kort fortalt inneber dette at våre produkt er heilt fri for kjemiske tilsetjingsstoff, og at råvarene me brukar er økologisk dyrka og heilt fri for sprøytemiddelrestar. Les meir om krav til økologisk matproduksjon på debio.no

Lokale verdiar

Lokale verdiar

Lokal mat er trygg og miljøvenleg mat. Organic Soup Company ser verdien av å nytta lokale resursar som støttar opp om lokal næring og sparar miljøet for unødig transport. Grønsaker er sesongbetont og ikkje alltid tilgjengelege lokalt. Men i den grad det er mogeleg brukar me råvarer som er dyrka lokalt.

Gluten- og laktosefri

Gluten- og laktosefri

Suppene me lagar er gluten- og laktosefri på heilt naturleg vis. I staden for å jamna ut suppa med gluten og laktosehaldig jamming, nyttar me meir av dei gode råvarene og mindre vatn. Dette gjer ei fyldig og næringsrik suppa som både smakar og gjer godt.

NOKRE AV VÅRE ØKOLOGISKE OG FERSKE SUPPER