ORGANIC SOUP COMPANY

Organic Soup Company ynskjer å auka tilgangen på, og mangfaldet av økologisk og lokalprodusert mat. Me produserer ferske, sunne og økologiske supper for storkjøkken/kafear og catering. I tillegg til at suppene er økologisk og lokalprodusert, brukar me også helst lokale råvarer. Me har gode avtalar med nære og lokale bønder som gjer dette mogeleg.

ORGANIC SOUP COMPANY

Organic Soup Company ynskjer å auka tilgangen på, og mangfaldet av økologisk og lokalprodusert mat. Me produserer ferske, sunne og økologiske supper for storkjøkken/kafear og catering. I tillegg til at suppene er økologisk og lokalprodusert, brukar me også helst lokale råvarer. Me har gode avtalar med nære og lokale bønder som gjer dette mogeleg.

For å auka mangfaldet på økologiske matvare produkt har me starta eit prosjekt me kallar OSC & Friends. Dette prosjektet inneber at me samarbeider med lokale nisje produsentar som ynskjer å utvikla og produsera økologiske matvareprodukt for sal. Sjå våre «OSC & FRIENDS» HER!

Kjokkenet

OSC KJØKKENET:
Me lagar suppa på vårt nye kjøkken som ligg på låven på Finnegarden. I riktig sesong hentar me råvarene til suppene i åkeren rett utanfor kjøkenvindauget.

Sjå meir av kjøkkenet vårt HER!

REV-supper-svart

SUPPENE:
Økologiske supper laga med kjærleik på Voss. OSC leverer ferske økologiske supper til butikksal, kafear, bedriftslunsjar og andre arrangement.

Les meir om suppene HER!

Julian Ruiz (36) er Spansk- filippinsk og grunnleggar av Organic Soup Company. Han kom til Voss våren 2008, for å jobba som sommarkokk på Voss Vandrarheim. Julian vart raskt glad i bygda, naturen og folket, og bestemte seg for å bli att, for å oppleva snøen. Saman med nye vener fann dei ut at dei skulle starta kafe på Voss.
Og allereie før snøen fekk vist seg var dei godt i gong med restaurering av lokalet som skulle husa den nye kafeen på Voss, Tre Brør Cafe. Saman dreiv dei Tre Brør Cafe i fire år. Som kokk var Julian ansvarleg for matlaging og meny.

Då dei selde kafeen var Julian klar for å starta noko nytt, og han oppdaga raskt kva folket ville ha. Julian fekk nemleg stadig etterspurnad om dei gode suppene han serverte på Tre Brør Cafe. Og suppe til folket; det skulle det bli.

Sommaren 2012 var Julian godt i gong med planlegginga til det som skulle bli Organic Soup Company AS. Han var ikkje i tvil om at det var økologiske og helst lokale ingrediensar han skulle laga suppa på. Og i januar 2013 var han og medeigar Magnus Mustad i full sving med suppeproduksjonen.

Julian har budd i mange land og kan fleire språk. I dag skakkar han for det meste engelsk. Men han har vorte svært glad i Norge og Voss, og er godt i gong med å læra seg språket. – For det er på Voss han har bestemt seg for å bli.

 Mat som smakar godt og gjer godt er viktig…
…for oss, deg og naturen vår!

Det er viktig å tenkja over kva ein et. I Organic Soup Company oppmodar me til ei bevisstgjering av kva ein et og kva maten me et inneheld.  Kokkane i Organic Soup Company er svært opptekne av smak, kvalitet og gode råvarer. Økologiske matvarer vert dyrka på naturens eigne premissar. Utan kunstgjødsel veks plantene i sitt eige tempo. Det tek litt lengre tid, men til gjengjeld inneheld frukt og grønt ofte mindre vatn og dermed meir smak og næring per kilo. Økologiske råvarer er dermed eit godt utgangspunkt til kvalitetsrike måltid som både smakar og gjer godt!

Økologisk

Økologisk

Produkta Organic Soup Company leverer er Debio godkjent. Kort fortalt inneber dette at våre produkt er heilt fri for kjemiske tilsetjingsstoff, og at råvarene me brukar er økologisk dyrka og heilt fri for sprøytemiddelrestar. Les meir om krav til økologisk matproduksjon på debio.no

Lokale verdiar

Lokale verdiar

Lokal mat er trygg og miljøvenleg mat. Organic Soup Company ser verdien av å nytta lokale resursar som støttar opp om lokal næring og sparar miljøet for unødig transport. Grønsaker er sesongbetont og ikkje alltid tilgjengelege lokalt. Men i den grad det er mogeleg brukar me råvarer som er dyrka lokalt.

Gluten- og laktosefri

Gluten- og laktosefri

Suppene me lagar er gluten- og laktosefri på heilt naturleg vis. I staden for å jamna ut suppa med gluten og laktosehaldig jamming, nyttar me meir av dei gode råvarene og mindre vatn. Dette gjer ei fyldig og næringsrik suppa som både smakar og gjer godt.

Oss i Organic Soup Company:

photo
Ta kontakt med Julian på tlf: 99 55 76 87 / 40 24 08 94 eller mail julian@oscvoss.no

Julian

Grunder
photo
Ta kontakt med Magnus på tlf: 99 55 76 87 / 97 74 32 80 eller mail magnus@oscvoss.no

Magnus

Medeigar